Fem klimamål for Oljefondet

Å tru at eit statleg investeringsfond ikkje blir oppfatta som eit politisk reiskap, er ein illusjon.

I mars i år registrerte National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) rekordhøg konsentrasjon av CO₂ i atmosfæren. For aller første gong passerte det globale gjennomsnittet for ein månad 400 deler per million (ppm). For å ha 50 prosent sjanse til å hindre at den globale gjennomsnittstemperaturen stig med meir enn to gradar celsius innan 2100, må CO₂-konsentrasjonen halde seg under 450 ppm (IEA).

Timeglaset er i ferd med å renne ut. Store endringar må skje på kort tid om vi skal unngå ein alvorleg klimakatastrofe. Nokre tiår fram i tid må vi ha lukkast med å avkarbonisere utsleppstunge sektorar som energi, transport og industri. Det blir vår generasjons store prosjekt. Vi skal inn i nye og ukjende teknologiar og ut av dei gamle og skitne. Ein forsiktig start er å trekke investeringar ut av klimaverstingar som uansett ikkje passar inn i eit lågutsleppsregime. Kol er blant desse.

Oljefondet i Stortinget
Finanskomiteens frist for å levere si innstilling om forvaltninga av Statens pensjonsfond utland er 28. mai. Behandling i Stortinget er sett til 5. juni.

Dette er ikkje klimaaktivistens tale. President Barack Obamas initiativ frå 2013 om å stoppe den amerikanske eksportbankens finansiering av nye kolkraftverk i utlandet, har mobilisert andre land og institusjonar til det same. Verdsbanken, Den europeiske investeringsbanken, Den europeiske utviklingsbanken, Storbritannia, Nederland, våre nordiske naboland og Frankrike er alle einige om at kolkraft høyrer fortida til.

Motstandarane av å nekte Statens pensjonsfond utland (Oljefondet) å investere i kol argumenterer med at tiltaket vil bli oppfatta som politikk. Dei har heilt rett. Å tru at eit statleg investeringsfond ikkje blir oppfatta som eit politisk reiskap, er ein illusjon. Men dette toget gjekk då Stortinget laga etiske retningslinjer i 2004. Spør Walmart som blei kasta ut av Finansdepartementet i 2006.

Heilt sidan Stortinget oppretta Statens petroleumsfond i 1990, har politikarane med jamne mellomrom endra fondets investeringsunivers. Men innanfor dette universet har Noregs Bank stort sett fått operere i fred – som andre investorar.

Slik bør det og vere framover, men utan å ty til økonomisk dogmatikk. Det er fullt mogeleg for Stortinget å leggje til kol på lista over produkt fondets forvaltarar ikkje får investere i, samtidig som ein sikrar Oljefondets rolle som ein seriøs finansiell investor.

Samfunnsøkonomiprofessor Klaus Mohn har rett i at eit forbod mot kol ikkje vil få mykje å seie i kroner og ører, ettersom Oljefondet allereie har starta å trekke seg ut frå mange kolselskap. Men symbolikken av å gjere det vil vere tung og viktig, særleg om Stortinget inkluderer energiselskap med særleg tung eksponering mot kol. Når verdas største statlege investeringsfond seier nei til kol, har det potensial til å dytte selskap, myndigheiter og andre investorar i same retning. Sjå til Tyskland og RWE om du lurer på om det er behov for slike dytt.

Stortingets diskusjon om Oljefondet og kol gir håp om at togradarsmålet framleis kan nåast. For få år sidan ville denne debatten vore heilt utenkjeleg, men no skjer det altså. Ikkje berre i Noreg, men over alt der kapital og politikk møtes.

Av omsyn til klimaet er det likevel viktig at Stortinget ikkje berre fokuserer på kol og det fondet ikkje bør investere i. Her er fleire punkt som bør på bordet i finanskomiteen:

1. Stortinget bør støtte regjeringas forslag om å innføre eit nytt kriterium for å trekke seg ut, basert på klimaåtferd.

2. Stortinget bør be regjeringa greie ut om Oljefondets fossile eksponering ut frå eit nasjonalformueperspektiv, og leggje dette fram for Stortinget i samband med neste års stortingsmelding om Oljefondets forvaltning. Dette er på mange måtar den viktigaste debatten å ta, det har også fleire høyringsinstansar peika på. Dessverre foreslår regjeringa at ein ventar med å sjå på dette til Perspektivmeldinga i 2017 – heilt på tampen av valperioden. Stortingsfleirtalet bør ikkje ha like god tid.

3. Stortinget bør be regjeringa leggje fram forslag om å tillate Oljefondet å investere direkte i grøn infrastruktur og fornybar energi. Sjølv om regjeringa allereie har sat i gang eit arbeid på dette, og Siv Jensen har vore nokså klar på at ho er tilhengjar av det, er det viktig at Stortinget legg press på regjeringa. Her er det ingen grunn til å ta noko for gitt. Skal togradarsmålet nåast, trengst langt større investeringar i fornybar energi. Dei største investeringsmoglegheitene finst i dag i den unoterte marknaden.

4. Stortinget bør sende ei oppmoding til Noregs Bank om snarast å etablere eit system for å måle og redusere karbonfotavtrykket til Oljefondets samla portefølje. Her er det fleire finansinitiativ å sjå til, til dømes The Portfolio Decarbonization Coalition (PDC) som er etablert av UNEPs Finansinitiativ (UNEP FI), Fjärde Ap-fonden (AP4), Amundi og The Carbon Disclosure Project (CDP).

5. Stortinget bør oppmode Noregs Bank om større openheit når dei kommuniserer forventningar og krav til selskap ein investerer i. Når Oljefondet sendar brev til RWE og andre store energiselskap om fossil eksponering, bør det vere unødvendig å be om innsyn. Det bør og vere openheit om selskapas respons.