Erna Solbergs klimarekneskap

Klimarekneskapen til Erna Solbergs første regjering vert ferdigstilt denne våren. Det er framleis tid til å påverke sluttresultatet.

Foto:Statsministerens kontor / Norway UN cba

Det blir fort litt puslete å returnere til norsk politikk etter at Donald Trump blei president i USA, men vi gjer eit forsøk likevel. Stortingsperioden nærmar seg slutten og det er tid for å gjere opp den politiske rekneskapen. Kva blir klimaettermælet til Erna Solberg?

Samanlikna med det tidlegare statsministarar har levert er Erna Solbergs innsats på klimafeltet nokså ordinært. Det er mange ting å sette fingrane på, men dei store størrelsane i politikken, det vere seg olje- og gass, skattar- og avgifter, statleg eigarskapsutøving eller Noregs rolle internasjonalt, har lege fast. Her er det lite som skil Solberg frå Stoltenberg – eller Bondevik for den saks skuld.

Om ein derimot målar Solbergs innsats opp mot klimatrugselens alvor, Paris-avtalens ambisjonar og utsleppsutviklinga i Noreg – og det jo det ein bør gjere – er det ingen tvil om at regjeringa har underprestert. Norsk klimapolitikk manglar tydelegheit og utålmodigheit på toppen. Ein god illustrasjon på det siste er regjeringas handtering av anbefalingane om grøn konkurransekraft. Det viktigaste Idar Kreutzer og Connie Hedegaard leverte var elleve sektorvise vegkart mot lågutsleppssamfunnet. Ein offensiv regjeringa ville utnytta situasjonen og omgåande invitert dei ulike næringane til dialog om korleis vegkarta kan følgjast opp – og fordele ansvar. Dessverre ser det ut til at vegkarta har hamna i ein skuff i regjeringskvartalet.

Det er likevel ikkje for seint for Erna Solberg om ho vil bli hugsa som ein god statsminister for klimaet. Dei neste månadene skal regjeringa legge fram fleire viktige saker som har stor betyding for klimaet og grøn omstilling. Handtert ”riktig” kan utfallet bli eit nokså godt klimarekneskap for Solbergs første regjering.

Her er fem av vårens viktigaste klimasaker.

1. Klimalov

Stortinget skal før sommaren vedta ein klimalov, slik dei har gjort i Storbritannia (2008), Danmark (2015), Finland (2015) og Sverige (2017). Men vil lovforslaget som regjeringa legg fram vere godt nok?

Målet med ein klimalov er å syte for systematikk i arbeidet med å realisere lågutsleppssamfunnet, og gjere den til ein kvar tid sittande regjering juridisk ansvarleg for oppfølging av vedtekne klimamål. I lovforslaget som blei sendt ut på høyring i fjor haust la regjeringa i realiteten berre opp til ei lovfesting av eksisterande klimamål. Det blei ikkje foreslått at regjeringa skulle få nye forpliktingar overfor Stortinget i klimapolitikken, slik som bindande sektorvise karbonbudsjett eller etablering av eit uavhengig klimaråd.

I siste statsbudsjettforlik mellom Høgre, Frp, KrF og Venstre vart det presisert at regjeringa skal legge fram eit forslag til klimalov for Stortinget. Dei skreiv også at lova skal innehalde delmål fram mot 2050 – og at desse skal oppdaterast jamnleg. Samstundes inneheldt forliket mykje anna tekst som kan gjere det mogleg for regjeringa å trenere framlegginga (i påvente av EU), eller forsøke seg på nytt med å legge fram ei lov som ikkje representerer noko nytt i klimapolitikken.

2. Perspektivmeldinga

Korleis vil regjeringa diskutere framtida for norsk petroleumsindustri i Perspektivmeldinga? Får vi ”vi skal leve av olje og gass i mange tiår til”-historia ein gong til, eller vil regjeringa kommunisere den store usikkerheita som er kytt til framtidig olje- og gass-etterspurnad?

Perspektivmeldinga er stortingsperiodens mest interessante melding og skal leggast fram ein gong før sommaren. Det er her regjeringa skal heve blikket og diskutere dei store linjene for norsk økonomi, velferd og finansar. Det er naturleg at klimarisiko får ein stor plass i årets perspektivmelding. Både klimapolitikken og det teknologiske skiftet har teke kvantesprang sidan førre melding i 2013. Stikkord er Paris-avtale, solceller, vindturbinar, batteriteknologi, digitalisering, robotifisering og 3D-printing. Seriøse analysemiljø snakkar om ”peak demand” for kol og olje innan 2020. Dette må landets øvste politiske nivå adressere.

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Debatt om oljeskatteregimet høyrer også med. I dagens regime ber staten det meste av den økonomiske risikoen ved leiting etter olje og gass , men staten får også mest igjen når produksjonen startar og inntektene skal fordelast. Regimet har vore ein suksess til no – så lenge vi har hatt stabil etterspurnadsvekt og superprofitt. Men når vi no står framfor eit strukturelt skifte, der det blir stadig meir krevjande å utvikle prosjekt med god lønsnemnd, er det då riktig at staten skal ta ein like stor risiko framover? Regjeringa bør merke seg at også Kreutzer og Hedegaard antyda eit klart nei på dette spørsmålet. Vi treng eit nytt oljeskatteregimet tilpassa den nye tida som olje- og gassindustrien er på veg inn i.

3. Oljefondet

Vil regjeringa omsider la oljefondet bli ein investor innan fornybar energi ved å tillate unoterte infrastrukturinvesteringar?

Oljefondet har vore eit viktig tema i klimadebatten denne perioden. Resultatet så langt er at fondet har blitt pålagt å trekke seg ut av kolselskap og ein har etablert eit nytt uttrekkskriterium som opnar for at fondet kan trekke seg ut av ”klimaverstingar”. Det Stortinget så langt har utsett behandlinga av, er spørsmålet om oljefondets investeringsmandat skal utvidast til også å gjelde unoterte aksjar og infrastruktur. Dette er viktig om ein vil at oljefondets kapital skal settast i arbeid for det grøne skiftet. Dei fleste fornybarprosjekta i verda er ikkje på børs – dermed kan heller ikkje oljefondet investere i desse. Det er synd for prosjekt som treng langsiktige og kapitalsterke investorar, men det også synd for fond som har behov for fleire investeringsobjekt som kan gi langsiktig og god avkasting.

Norges Bank støtter ei utviding av oljefondets investeringsmandat som skissert her. Det same gjorde Høgre og FrP før dei kom i regjering.

4. Nasjonal Transportplan

Transportsektorens utslepp skal halverast fram mot 2030. Nasjonal Transportplan (NTP), som Stortinget skal behandle før sommaren, må for første gang i historia bli ei klimamelding.

Mykje kan seiast om NTP som politisk reiskap, men ideen er å gi retning og føreseielegheit for samferdsleprioriteringane forbi neste stortingsperiode. Neste plan strekk seg til 2029. Ettersom det er i transportsektoren brorparten av norske klimakutt skal tas dei neste 15 åra, blir komande NTP eit særdeles viktig dokument. Om ein ikkje prioriterer dei store pengane på prosjekt som faktisk reduserer klimagassutslepp, og som bidreg til nødvendig systemskifte i transportsektoren, vil Paris-måla bli vanskeleg å nå.

Like viktig som å bruke pengar på gode tiltak, er det å unngå feilinvesteringar. Har skrive det før og seier det gjerne igjen: Stortinget må sette foten ned for ferjefritt E39.

5. Industrimeldinga

Vil regjeringa bruke industrimeldinga til å kvittere ut anbefalingane til Kreutzer/Hedegaard-utvalet.

Eit forslag dei absolutt bør legge fram er etablering av eit grønt garantifond for utbygging av fornybar energi i utviklingsland. Dette har vore diskutert fleire år, og før jul fekk Heikki Holmås uventa fleirtal på Stortinget for ideen. Bakgrunnen er at Noreg har solid fornybarkompetanse som kan kome utviklingsland til gode. Samtidig er høge kapitalkostnader i dag eit stort hindre for realisering av gode fornybarprosjekt. Eit garantifond – som forklart i denne artikkelen – kan gi meir sol-, vind- og vasskraft i Afrika, Asia og Latin-Amerika og business for norske fornybaraktørar.

Erna Solbergs val

Dette er ingen uttømmande liste, men i sum representerer sakene nemnt her ei fornya moglegheit for Erna Solberg til å påverke farten på den norske omstillinga – ei omstilling som både skal gi store og raske utsleppskutt og fleire lønsame arbeidsplassar.

Spørsmålet er om Solberg har ønske om å sitte i førarsetet for denne omstillinga, eller om ho er nøgd med å sitte bak og overlate styringa til Stortinget. Svaret får vi før sommaren.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima