Ekofisk – elektrifiseringsviljas lakmustest

Ekofisk blir lakmustesten på kor stor den politiske vilja er til å elektrifisere kraftforsyninga på sokkelen. 6. mai i fjor gav regjeringa ConocoPhillips tommelen opp for planane om vidare utbygging og drift av Ekofisk, ei avgjersle som ifølgje olje- og energiminister Ola Borten Moe vil sikre aktivitet i 40 nye år. Eit av regjeringas vilkår… Fortsett å lese Ekofisk – elektrifiseringsviljas lakmustest

Ekofisk blir lakmustesten på kor stor den politiske vilja er til å elektrifisere kraftforsyninga på sokkelen.

6. mai i fjor gav regjeringa ConocoPhillips tommelen opp for planane om vidare utbygging og drift av Ekofisk, ei avgjersle som ifølgje olje- og energiminister Ola Borten Moe vil sikre aktivitet i 40 nye år. Eit av regjeringas vilkår var at ConocoPhillips skulle legge fram nye vurderingar av moglegheitene for å erstatte dagens gasskraftverk på Ekofisk med kraft frå land innan 1. juni 2012.

Ikkje uventa er ConocoPhillips sine nye vurderingar (pdf) til elektrifisering like negative i år som før. Noko anna ville vore overraskande. Hovudargumentet til ConocoPhillips er at elektrifisering – gjort på den eine eller andre måten – ikkje kan forsvarast økonomisk. I tillegg meiner selskapet at treigt byråkrati og lang leveringstid på kablar vil kunne føre til at ein ikkje rekk å elektrifisere innan det nye kraftbehovet melder seg.

No ligg saka på bordet til olje- og energiministeren. Det som er viktig er at regjeringa ser på kraftforsyninga til Ekofisk i eit langsiktig klimaperspektiv, og ikkje reduserer spørsmålet om elektrifisering til eit snevert kostnadsspørsmål basert på usikre faktorar som framtidige kraftprisar og CO₂-kostnadar.

Seier regjeringa nei til elektrifisering av Ekofisk, seier dei og ja til å binde utslepp av omlag 600 tonn CO₂ i førti år framover. Det er ein kostnad som vi ikkje kan bere om vi skal nå målet om å redusere norske klimagassutslepp med 15-17 millonar tonn CO₂-ekv. i forhold til referansebana innan 2020, og målet om karbonnøytralitet fram mot 2050.