CCS i det blå

Er det berre av gammal vane regjeringa held fram arbeidet med CCS i Noreg? Engasjementet ser ikkje ut til å stikke veldig djupt.

Gassnovas ferske idéstudie om CCS i Noreg viser at ein tidlegast kan håpe på ei investeringsavgjerd hausten 2018 – etter neste stortingsval. Det betyr i realiteten at regjeringas plan om å realisere eit fullskala demoanlegg innan 2020 er avlyst.

CCS har i årevis vore eit av dei klimatiltaka det har vore breiast semje om i Noreg. Med få unnatak har alle vore for, miljøvernarar så vel som oljefolk. No ser engasjementet ut til å vere dalande. I Klimastiftelsens ekspertpanel frå mars i år var det svært få som meinte norske myndigheiter bør prioritere CCS når klima-, energi-, og næringspolitikken skal utviklast vidare.

Verda såg svært annleis ut då CCS i si tid blei introdusert i norsk politikk. Då blei CCS sett på som brua mot lågutsleppssamfunnet vi ikkje kunne klare oss utan, og som Noreg i tillegg kunne bygge ein industri rundt. No har dette bildet endra seg. I dag gir det liten meining å snakke om CCS som komponent i fossil kraftproduksjon. Til det har fornybar energi blitt for konkurransedyktig. Det einaste som kunne endre dette er ein situasjon der kolprisane skulle gå så mykje ned at det også med CCS kan konkurrere på pris. Sannsynleg er det likevel ikkje.

Meir meiningsfult er det med CCS i industrien, som i sement- og stålproduksjon. Men problemet her ser ut til å vere mangel på drivarar som får industriaktørane sjølve til å ville realisere CCS.  Alt er opp til staten. Regjeringa oppsummerer utfordringa slik i dette notatet: ”Dei industrielle aktørane si interesse for å delta i eit CO₂-handteringsprosjekt vil avhenge av kva rammevilkår som vert etablert frå statens side.”

CCS er ein teknologi som alltid tas med i taler og program, nesten uavhengig av kven som styrer. Men det stor skilnad på politiske mål og politisk vilje. Akkurat no er det vanskeleg å få auge på det siste.

Før neste runde med utgreiingar bør ein avklare det grunnleggande: Skal CCS framleis vere ein av hovudstrategiane i norsk klimapolitikk, eller skal kapital og hjernekraft brukast på andre område? Den dårlegaste og dyraste løysinga er den vi har valt no: ei statleg CCS-satsing på autopilot som stadig færre har tru på.