Bloomberg: Om 15 år er solenergi billegaste energiform

Ytterlegare kostnadsreduksjonar for vind og sol vil prege verdas kraftproduksjon fram mot 2040, og om 15 år vil solenergi overta posisjonen som den billegaste kjelda til elektrisitet over heile verda.

Slik konkluderer Bloomberg New Energy Finance (BNEF) i New Energy Outlook 2015 (last ned Executive summary)

Dei neste 25 år skal den globale kraftproduksjonskapasiteten transformerast: frå å vere 2/3 dominert av fossil energi, til å få ein overvekt av rein og desentralisert energi. Drivarane blir økonomi, og i mindre grad politikk. I framskrivingane legg BNEF til grunn at alle fornybarsubsidiar vil forsvinne etter 2018. Unnataket er havvind som vil motta støtte fram til 2030.

Samstundes ventar dei at kostnadane vil halde fram med å falle. I snitt vil vi sjå kostnadsreduksjonar for vind og sol på høvesvis 32 og 48 prosent fram mot 2040, skriv BNEF.

Solenergirevolusjon

Som figuren nedanfor viser, er det sol framtida vil handle om. 35 prosent av all ny kapasitet som skal installerast dei neste 25 åra vil vere solenergi. I Europa vil småskala solenergi åleine utgjere 22 prosent av kapasitetsmiksen i 2040 – mot 6 prosent i 2014.

Solenergi vil også tiltrekke seg dei største investeringane. Meir enn 3700 milliardar amerikanske dollar skal brukast på å bygge ut ny solenergikapasitet fram til 2040. Halvparten av dette vil gå til småskala solcelleinstallasjonar.

Fremtiden er fornybar, ifølgje Bloomberg New Energy Finance
Fremtiden er fornybar, ifølgje Bloomberg New Energy Finance

Gass blir mindre viktig

Om ein ser bort frå USA, der kostnadsnivå og klimapolitikk vil føre til at gass erstattar kol, er det lite som talar for at gass får ein spesielt viktig rolle som “transition fuel”. Til det er energikostnaden for naturgass for høg.

Les Syslas intervju med BNEFs hovudforfattar om gassens framtid.

…men CO₂-utsleppa vil gå opp

I industrialiserte økonomiar er ein i ferd med å bryte linken mellom økonomisk vekst og kraftforbruk. Dette skuldast overgangen til ein meir tenestebasert økonomi og auka fokus på energisparing og energieffektivitet. BNEF trur kraftforbruket i OECD vil vere lågare i 2040 enn i 2014.

I utviklingslanda forventar ein at energiforbruket vil følge den økonomiske veksten, og at kolkraft – i mangel på utsleppsrestriksjonar og klimapolitikk –framleis vil vere viktig for kraftforsyninga i mange utviklingsland.

“Coal and utility-scale PV will be neck and neck for additions as power-hungry countries use their low-cost domestic fossil-fuel reserves in the absence of strict pollution regulations.”

Resultatet er at CO₂-utsleppa frå kraftsektoren – trass i solenergirevolusjonen – vil auke med 13 prosent i perioden 2014–40. Utsleppstoppen vert først nådd i 2029.