Klimapolitikkens ytterkant

At ein statsråd frå FrP i 2017 får seg til å seie at all olje skal opp, er problematisk. At ein statssekretær og listetopp frå Høgre seier det same, er oppsiktsvekkande. Høgre bør klargjere partiets politikk.

I innlegget Nei, oljen skal ikke bli liggende (Bergens Tidende 21. mai) kastar statssekretær Tom-Christer Nilsen (H) seg inn i debatten om framtida for norsk petroleumsindustri. I lys av klimamål og energiomstilling er det ingen enkel debatt. Men i staden for å presentere kompleksiteten og usikkerheita, vel Nilsen å forenkle og fordumme. All tvil om framtidig etterspurnad blir feia til side. Meiningsmotstandarane blir latterleggjort. Dei som meiner oljeressursar må bli liggande under bakken må anten vere “kunnskapsløs eller ha et ønske om å ødelegge det norske arbeidsmarkedet og velferdsstaten”.

La oss starte med det heilt grunnleggjande: Vi har i dag god kunnskap om kor mykje CO₂ vi kan sleppe ut om vi skal nå klimamålet frå Paris. Ifølge forskarane i Global Carbon Budget kan vi fortsette med dagens utsleppsnivå i 20 år til om vi skal ha 2/3 sjanse til å halde temperaturauka under to gradar celsius. Vi er langt frå i rute, men vi har altså skrive under på at vi skal gjere det vi kan for at målet nås.

Det er openbert at vi treng ein ny petroleumspolitikk som tek innover seg Paris-avtalens realitetar. Ingen kan sei at dette ikkje blir krevjande. Brå stans i oljeaktiviteten kan få dramatiske konsekvensar for skatteinntekter og sysselsetting. Bånn gass kan bli ein like stor trugsel – om enn litt lenger fram i tid. Det er underlig at Nilsen vel å kritisere den eine ytterkanten, for så å plassere seg sjølv på den andre.

Sjølv meiner eg ein ny politikk må skilje mellom nye og gamle prosjekt, mellom kort og lang ledetid. Det gir ikkje meining å stenge butikken på Troll og Ekofisk, men det er fornuftig å hindre store investeringar i nye prosjekt som tidlegast kan kome i produksjon mot 2030. Det er det motstanden mot 23. og 24. konsesjonsrunde handlar om. Å opna for boring lengst nord i Arktis – som Nilsen også ønsker – vil ha eit endå lenger tidsperspektiv.

Det er riktig at vi kjem til å leve med fossil energi i mange år til, og det er lite som tyder på endra marknadsforhold for norske ressursar dei neste ti åra. Men når vi nærmar oss 2030 aukar også usikkerheita. Oljekonsumet vil merke at stadig større deler av transportsektoren blir elektrifisert. Gassforbruket vil merke konkurransen frå fornybar energi – i første rekke sol og vind. Ingen veit nøyaktig korleis verda utviklar seg, men det som er sikkert, er dette: Jo meir vellukka klimapolitikken blir fram mot 2030, desto mindre olje og gass vil verda trenge. Kanskje har både olje og gass nådd etterspørselstoppen om 10 år? Som storinvestor i det fossile er det viktig at vi tek inn over oss at dei finansielle verdiane i olje og gass vil falle lenge før marknaden kollapsar. Verdifallet i den europeiske kraftsektoren – der dei fem største kraftselskaps marknadsverdi falt med 100 milliardar euro frå 2008-13 – kan tene som døme på nettopp det.

Utspel av typen “all olje skal opp” kjem til å ende i historiebøkene. Om 10-20 år kjem skuleelvar til å riste på hovudet når læraren fortel at det i 2017 fantes velinformerte toppolitikarar som fekk seg til å seie offentleg at klimaendringar og energiomstilling ikkje er til hinder for å satse vidare med full tyngde på norsk olje- og gassutvinning. La oss håpe det ikkje blir så mange av dei.