Kapitalistar gir klimahåp - Energi og Klima

Kapitalistar gir klimahåp

Skal vi redde klimaet treng vi fleire kapitalistar som ser lågutsleppssamfunnets avkastningsmoglegheiter.

1 kommentar
climate change summit opening
Adm. direktør i svenske AP4, Mats Andersson, brukte klimatoppmøtet i New York til å lansere initiativet The Portfolio Decarbonization Coalition (PDC). Første delmål er å flytte 100 milliardar US dollar frå fossile til klimavenlege investeringar innan desember 2015.UN Photo/Cia Pak cb

Det er håp. Kanskje ikkje for ein ny klimaavtale med to strekar under svaret, men for at vi klarar å forsere det grøne skiftet i tide. FNs klimatoppmøtet i førre veke demonstrerte med all tydelegheit at klimakampens leiartrøye ikkje tilhøyrar Erna Solberg eller andre statsleiarar, men kapitalforvaltarar som har skjønt at global opvarming ikkje lenger er noko ein kan delegere bort til CSR-avdelinga. Global oppvarming representerer ein finansiell risiko – ein trugsel mot framtidige sparepengar, forsikringsutbetalingar og pensjonar.

Ban Ki-Moons oppsummering viser stor breidde i initiativa som blei lansert under klimatoppmøtet, men langt frå alle er store og viktige nok. Noregs regnskogsatsing er vel og bra, men det rokkar ikkje ein tomme ved det fundamentale: forbruket av fossile brenslar. Det kan derimot fleire av dei finansielle initiativa frå toppmøtet gjere. Her er tre av dei:

1. The Portfolio Decarbonization Coalition

Saman med UNEPs Finansinitiativ (UNEP FI) har Fjärde Ap-fonden (AP4), Amundi og The Carbon Disclosure Project (CDP) lansert initiativet The Portfolio Decarbonization Coalition (PDC). Initiativet skal samle institusjonelle investorar som ønskjer å avkarbonisere eigen portefølje. Dei som slutter seg til initiativet forpliktar seg til å 1) måle og offentleggjere porteføljens karboneksponering og 2) sette i gang tiltak for å redusere karbonfotavtrykket.

Måla er at ein fram til desember 2015 skal samla ein koalisjon av institusjonelle investorar som til saman forpliktar seg til å måle og offentlege karbonfotavtrykket til investeringar for minst 500 milliardar US dollar, og i same periode avkarbonisere aksjeinvesteringar for minst 100 milliardar US dollar. Svenske AP4 har sjølv forplikta seg til å avkarbonisere heile aksjeporteføljen (20 milliardar US dollar).

2. Divest-Invest Global Movement

Dagen før klimatoppmøtet annonserte The Rockefeller Brothers Fund (RBF) at dei stiller seg bak Divest-Invest Global Movement. Koalisjonen, som består av hundrevis av personar og institusjonar, har forplikta seg til å avkarbonisere investeringar for 50 milliardar US dollar dei neste 3-5 åra. Det vil seie å flytte investeringar frå fossile til klimavenlege assets.

RBF forvaltar 860 millionar US dollar og omlag 7 prosent av desse midlane er i dag plassert fossilt. Det fossile nedsalet skal etter planen skje i to omgangar. Først vil fondet gå i gang med å selje seg ut av klimaverstingane kol og tjæresand, dernest er målet å kome seg heilt ut av fossil energi.

3. Mangedobling av klimainvesteringar

Bransjeorganisasjonane The International Cooperative and Mutual Insurance Federation (ICMIF) og The International Insurance Society (IIS), som representerer majoriteten av verdas forsikringsselskap, kom med ein felles lovnad under klimakonferansen i New York: Innan utgangen av 2015 skal forsikringsbransjen doble klimainvesteringane til 84 milliardar US dollar. Og endå betre: Innan 2020 skal investeringsnivået tidoblast frå dagens nivå – til 420 milliardar US dollar.

Ad
Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Tre store pensjonsfond frå Nord-Amerika og Europa varsla at dei vil auke lågkarboninvesteringane – på tvers av aktivaklassar – til over 31 milliardar US dollar innan 2020. I tillegg forplikta ei gruppe kommersielle bankar seg til å skrive ut grøne obligasjonar for 30 milliardar US dollar innan utgangen av 2015.

Ein invitasjon

Å få til ein rask overgang til det fossilfrie samfunnet handlar om å flytte dei store pengestraumane i riktig retning. Initiativa over er ein invitasjon til investorar verda over om å bli med på den dugnaden. Ikkje minst bør institusjonelle investorar som kan tenke langsiktig kjenne sin besøkstid.

For Noregs del handlar dette sjølvsagt om oljefondets forvaltning. Til no har skiftande norske regjeringar forsøkt å skjerme fondet for vår tids store utfordring. Det er ansvarsfråskriving – det går ikkje lenger. I finansdepartementet er dei redde for eit politiske styrt fond, men i 2014 er det ikkje politikk å kreve at offentlege investeringar for 5500 milliardar norske kroner skal spele på lag med globale klimamål. Det er politikk å la vere.

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Trygve K Sand

    Takk for invitasjonen
    Klart det er politikk å la være å invistere i klimavennlig energi. Det vil bli som fiskern som bruker sitt overskudd til å lære kundene å fiske selv. Hvor vil inntektene til Norge komme fra om det gis rimelige enerialternativer som blir enkle å anskaffe.
    Det er ikke bare Norge som tenker slik.
    Denne politikken er viten kjent og nedfelt i alle lands patentkontorer, da det ikke skal være mulig å søke patent på ren energi/ energi som ikke omformes. Renere energi er tilgjengelig, men kanskje ikke opptimalisert og blir ikke satt i produksjon grunnet fare for kopiering.
    Klimapolitikken må gå i takt med industriens tilpasninsevne. Og det må åpnes for endringer i patentsystemet.

Kommentarfeltet er stengt.