Kampen om oljefondets investeringsunivers - Energi og Klima

Kampen om oljefondets investeringsunivers

Dei raudgrøne partia sikrar fleirtal for den mest ambisiøse tolkinga av det borgarlege oljefond-kompromisset. Det skal KrF og Venstre vere glade for.

1 kommentar
MiltonCatelin_WorldCoal
Leiar av World Coal Association, Milton Catelin, drog eins ærend frå Australia til Oslo då han fekk vite at Stortinget vurderer å trekke oljefondet ut av kolselskap. Foto: worldcoal.org

Milton Catelin, leiaren i World Coal Association, har begynt å interessere seg for norsk politikk. Tysdag i førre veke kom han eins ærend frå Australia til Oslo for å diskutere forslaget om å trekke oljefondet ut av kolselskap med finanskomiteen på Stortinget. Eit kjapt søk i offentleg elektronisk postjournal viser at han og har kontakta statsministeren, finansministeren, olje- og energiministeren og klima- og miljøvernministeren om same tema.

Stortingets behandling av Arbeidarpartiets forslag endar ikkje som Catelin hadde frykta mest – med det Jonas Gahr Støre har marknadsført som ein klar «marsjordre» frå Stortingets fleirtal om å trekke oljefondet ut av kolselskap. Men det går heller ikkje som han hadde ønska. Med løfte om å setje ned eit uavhengig ekspertutval, er spørsmålet om kol skal vere ein del fondets framtidige investeringsunivers i realiteten berre utsett.

For Høgre og Frp betyr oljefond-kompromisset på borgarleg side at dei – i denne omgang – unngår at KrF og Venstre sikrar fleirtal for eit politisk forslag frå Arbeidarpartiet. Er det ein ting som i denne perioden er viktig for Erna Solberg og Siv Jensen, så er det å halde Jens Stoltenberg på den politiske skuggesida.

For KrF og Venstre er kompromissets oppside at dei no har fått tak i eit lodd som kan gi ein langt meir omfattande reformering av oljefondets investeringsunivers enn det representantforslaget frå Ap i utgangspunktet la opp til. Nedsida er sjølvsagt at dei ikkje kjenner utfallet av den eksterne ekspertutgreiinga før om eit år – og at dei i mellomtida ikkje får «røyste for det dei er for». Det vil det raudgrøne mindretalet minne dei på.

Viktig raudgrøn støtte

I pressemeldinga som blei sendt ut då oljefond-forhandlingane på borgarleg side var ferdig, stod det at samarbeidspartia «går lenger enn Ap på flere punkter». Det stemmer ikkje….lenger. Då finanskomiteen leverte si innstilling 4. mars viste det seg at alle partia stiller seg bak det borgarlege kompromisset. Det skal KrF og Venstre vere veldig takksame for. Med raudgrøn støtte blir det no vanskelegare for det konservative Finansdepartementet å utnytte den uklare ordlyden i forslaget til sin fordel:

Dette er forslaget (mi utheving):

Ad

«Stortinget ber regjeringen sette ned en ekspertgruppe. Gruppen skal vurdere om utelukkelse av kull- og petroleumsselskaper framstår som en mer effektiv strategi enn eierskapsutøvelse og påvirkning for å adressere klimaspørsmål og bidra til endringer fram i tid. Ekspertgruppen skal også gi råd om kriterier for eventuell utelukkelse av denne type selskaper. Ekspertgruppens anbefalinger inngår som en del av grunnlaget for stortingsmeldingen om forvaltningen av Stortingets pensjonsfond våren 2015».

Trygve_Slagsvold_Vedum
Saksordførar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Senterpartiet

Ingen ville kritisert Ap, Sentarpartiet og SV om dei hadde sagt at dei ikkje kunne støtte eit forslag som går ut på å vurdere om ein enten skal stenge ute fossile selskap eller drive aktiv eigarskapsutøving (dette er ikkje eit enten/eller-spørsmål). Dei kunne og sagt nei til forslaget fordi premisset for ekspertutvalets arbeid er så uklart. Kva meiner dei borgarlege med «å adressere klimaspørsmål og bidra til endringer fram i tid»? Eg tippar svaret vil sprike enormt avhengig av kven ein spør.

Men dei raudgrøne har så langt ikkje gjort politikk av forslagets ordlyd, og det er bra. Ved å støtte forslaget om å sette ned eit uavhengig ekspertutval, sikrar dei ikkje berre eit historisk breitt fleirtal for noko som ville vore utenkeleg for få månader sidan. Dei sikrar og fleirtal på Stortinget for den tolkinga av forslaget som KrF og Venstre representerer: at regjeringa skal sette ned eit ekspertutval som skal vurdere korleis utestenging og aktiv eigarskapsutøving kan nyttast som verkemiddel for å redusere oljefondets fossile eksponering (gjerne ein kombinasjon av desse to), og kome med kriteriar for korleis utestenging av kol-, olje- og gasselskap kan gjennomførast i praksis. Det kan vise seg å bli eit svært viktig fleirtal.

For Milton Catelin og resten av fossillobbyen betyr dette mange fleire turar til Oslo det neste året.

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Fossildebatten » KLP Blogg

    […] at en utredning for statens pensjonsfond utland (SPU) er på sin plass. Du kan lese mer om den her. Vi er også igang med en bred analyse av tematikken, som blant annet vil danne grunnlag for en […]

Kommentarfeltet er stengt.