Grønt lys for nullutsleppsrevolusjon til sjøs

Stortinget vedtok før sommaren at fylkeskommunar som ønsker å stille krav om null- og lågutsleppsteknologi i komande ferjeanbod skal få økonomisk støtte frå staten.

Det seier Frps stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad. Han var saksordførar for kommuneproposisjonen 2016 som Stortinget behandla før sommaren. Han viser til desse to merknadane som alle partia stilte seg bak:

“Komiteen viser til at det går fram av regjeringas maritime strategi at det skal stillast krav til lavutslepps- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod når teknologien tilseier dette, og at det skal vurderast nærmare på kva for måte det kan sørgjast for at tilsvarande teknologiar blir fasa inn i fylkeskommunal ferjedrift.”

“Komiteen ber regjeringa vurdere kva for økonomiske konsekvensar dette har for fylkeskommunal ferjedrift, og korleis økte miljøkrav skal finansierast.”

Hordaland først ut?

Det finst 146 ferjesamband i Noreg i dag. Dei fleste av desse er det fylkeskommunane som har ansvar for. I Hordaland har fylkespolitikarane alt gjort vedtak om at dei neste kontraktane for fylkets 16 ferjesamband skal innehalde krav om null- eller lågutsleppsteknologi. Men vedtaket hadde eit viktig førehald: staten må bidra økonomisk.

No har fylket fått den garantien det bad om for å gå i gang med miljøprosjektet, ifølgje Njåstad.

– Hordaland er offensiv med å stille gode miljøkrav – det inspirerte oss til å kome med klare merknader som forpliktar oss til å stille økonomi til rådigheit for å få til ei fornying av ferjeflåten, seier Njåstad.

Betyr dette at fylkeskommunar rundt om i landet som ønsker å stille krav om null- og lågutsleppsteknologi i sine komande ferjeanbod, kan forvente økonomisk støtte frå staten?

– Ja!

Dagens ferjekontraktar i Hordaland går ut i perioden 2018-2020. Innan utgangen av året skal innhaldet i dei nye ferjeanboda vere klar.