Gardinprat

Utstillingsvindauget “The Explorer” vert kritisert. Men i staden for å diskutere i kva grad Norge som innovativ og bærekraftig nasjon er sant, er vår største moglegheit og vår viktigaste oppgåve å gjere det sant.

Er det nokon som hugsar den scena frå filmen «Monty Python and the Holy Grail», der kongen står ved slottsvindauget saman med sonen, prins Herbert, og ser ut over kongeriket? Kongen peikar mot landskapet utanfor og seier høgtidsstemt: «One day, my lad, ALL this will be yours!». «What?», svarar prinsen, «The curtains?»

Eg hadde nesten gløymt den episke scena, heilt til eg las Aftenpostens Joacim Lund kommentere lanseringa av The Explorer førre veke. På oppdrag frå regjeringa har Innovasjon Norge gått saman med næringslivet, og utvikla eit digitalt utstillingsvindauge for eksport av norsk, grøn teknologi.

Vindauget vart opna av statsminister Erna Solberg i Oslo Rådhus. Og så starta diskusjonen om gardiner.

Norsk eksport må doblast fram mot 2040, dersom vi skal kunne oppretthalde dagens velferdsnivå

Joacim Lund spør retorisk: «Kjendiser, glamour og en ny nettside skal markedsføre Norge som innovativ og bærekraftig nasjon. Men er det sant?» På LinkedIn vert brukargrensesnittet og designet på theexplorer.no kritisert. Så langt er det lite i ordskiftet etter Innovasjonstalen 2018 som tyder på ei særleg forståing av kva saka eigentleg handlar om: Framtidsutsiktene for våre ungar og barnebarn.

Analyser frå SSB viser tydeleg kva for utfordringar vi står opp mot:

Norsk eksport (utanom petroleum) må doblast fram mot 2040, dersom vi skal kunne oppretthalde dagens velferdsnivå. Doblast! Samtidig veit vi at i perioden 2007 til 2017 er handelsoverskotet halvert, og handelsunderskotet frå fastlandet dobla.

Då er vi ved sakens kjerne: Om vi ikkje skiftar strategi, ventar svært krevjande tider for norsk økonomi. Føresetnaden for å kunne finansiere velferdssystemet som gjer Norge til verdas beste land å vekse opp i, er å lukkast med å posisjonere vår teknologi i marknader internasjonalt. Og vi har inga tid å miste!

Strateginestoren Richard Rumelt skriv i bestseljaren «Good strategy/bad strategy» om ein samtale han hadde med Steve Jobs. Rumelt hadde førebudd seg godt, lista opp alle dei openbare utfordringane Apple ville møte i posisjoneringa mot dei etablerte, dominerande standardane. «Kva er din langsiktige strategi her?», spør Rumelt. Jobs smilte roleg og sa: «Min strategi er å vente på det neste store».

Vår tids største strategiske utfordring er å posisjonere ein ny kategori internasjonalt: Norsk, grøn teknologi

Vi treng heldigvis ikkje å vente. Det er liten tvil om at det neste store vil handle om grøn teknologi. Og her har Norge eit suverent utgangspunkt med høg kompetanse til lågare kost enn det vi ser i andre deler av verda. Difor er det så viktig, det arbeidet som no har starta med The Explorer. Men det er eit stort stykke arbeid å konvertere synlegheit til kontrakt. Så lat oss lære av strategen Rumelt, og hans poeng om å løyse dei underliggjande, reelle utfordringane, i staden for å bruke tid på teoretisering:

Først og fremst er utfordringa å sikre nye vekstselskap tilgang til nok og rett kapital. Kapitaltilgangsutvalet med NHH-professor Aksel Mjøs i front, foreslår fleire viktige tiltak for betre rammevilkår for større vekstselskap i Norge. Utvalet peikar på løysingar som å eige unoterte selskap gjennom aksjesparekonto, og folkefinansiering (crowdfunding). Med betre rammevilkår er jobben framleis ikkje gjort. Sjølv når desse selskapa er riktig kapitalisert, OG dei får sterkare eksponering gjennom The Explorer, er jobben framleis ikkje gjort.

Vår tids største strategiske utfordring er å posisjonere ein ny kategori internasjonalt: Norsk, grøn teknologi. Strategisk posisjonering handlar om å sette spor i kognitive kart. Vi snakkar persepsjon, ikkje empiri. I staden for å diskutere i kva grad Norge som innovativ og bærekraftig nasjon er sant, er vår største moglegheit og vår viktigaste oppgåve å gjere det sant. Vindauga er opna. Gardinprat til sides:

Fleire av teknologiselskapa som no er presentert på The Explorer, høyrer til på Vestlandet. Selskapa representerer maritim kompetanse i verdsklasse, men møter like fullt store utfordringar i kommersialiseringsfasen. Selskapa stangar mot ulike former for proteksjonisme og mot streng regulering, og for mange er det svært komplisert å finne fram til dei gode alliansane internasjonalt. Det er desse heilt konkrete barrierane som må handterast for å skape den eksportveksten vi alle er avhengige av.