Framstegspartiets oljeutspel - eit spark til Siv Jensen - Energi og Klima

Framstegspartiets oljeutspel – eit spark til Siv Jensen

Det er ikkje mangel på leiteareal som er oljesektorens problem, men sviktande lønsamheit. Politiske resolusjonar endrar ikkje det.

Halvannan månad etter at partileiar Siv Jensen åtvara mot lettvinte svar på oljekrisa, foreslår FRPs sentralstyre å motverke arbeidsløyse og aktivitetsfall med å tildele oljeselskapa nye leiteområde . Foto:Magnus Fröderberg/norden.org cba

Valkampen er i gong, og Framstegspartiets sentralstyre har mekka resolusjon. Med tittelen ”Oljesektoren må sikres nytt leteareal – arbeidsledigheten må bekjempes” håpar partiet at møtet med frustrerte veljarar langs kysten, frå sør til nord, skal gå enklare.

Å tru at Stortinget kan få slutt på oljenedturen ved å opne nye felt for boring er i beste fall naivt. Det ville ikkje eingong hjelpt på nedturen om havområdet heilt opp til Nordpolen blei opna for oljeboring. Det er berre å sjå dette kartet over utbyggingsklare prosjekt som no er satt på vent på grunn av manglande lønsamheit. Med dagens låge oljepris og kostnadsbilde er det særleg utenkeleg at nokon vil gå i gang med utbygging lengst i nord – der utvinning kostar mest.

Heldigvis har regjeringa, som jo Framstegspartiet er ein del av, til no ikkje latt seg freiste til symbolske handlingar i kampen mot aktivitetsfall på sokkelen. Snarare tvert imot. Då Arbeidarpariet rett før sommaren bad regjeringa vurdere åtte konkrete motkonjunkturtiltak (du finn forslaga ved å søke etter «Stortinget ber regjeringen»), fekk dei kun støtte av Senterpartiet. Regjeringa ved Frp-statsråd Tord Lien poengterte i stortingsdebatten at det er leverandørane og operatørane som har ansvar for å gjere industrien meir lønsam, ikkje Stortinget. Og om tildeling av nye leiteområde, slik FRPs sentralstyre no seier er nødvendig for å møte arbeidsløysa, svarar han: ”Regjeringen har levert når det gjelder nye arealer”.

Også Siv Jensen har som finansminister åtvare mot enkle svar på krisa. I eit intervju i Dagbladet i sommar tek ho eit oppgjer med dei som hevdar at nedturen er midlertidig.

Hadde det bare vært et midlertidig setback i vår økonomi, hadde det vært enklere å møte med virkemidler. Men vi vet at oljesektoren skal blir mindre. Da betyr det at arbeidskraft skal derfra over til andre næringer.

Og vidare:

Arbeidsplassene kommer ikke opp fra et hull i gulvet, de må skapes! Derfor må vi motivere til nye investeringer og bygge tillit. Det handler om skatt, rammebetingelser, forskning og utvikling og alle de tingene vi er i gang med.

Framstegspartiet forsøker i resolusjonen å markere avstand til Arbeidarpartiet, men i realiteten gjer dei det motsette. Logikken i resolusjon om at nedturen er midlertidig, og derfor kan stoppast ved hjelp av tradisjonell motkonjunkturtiltak, ligg tettare opptil Arbeidarpartiets svar på oljekrisa enn regjeringas. Det må vere eit stort nederlag for Siv Jensen, men langt meir alvorlig: det er feil svar.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.