Eit forsøk på oppklaring om utanlandskablar og ACER - Energi og Klima

Eit forsøk på oppklaring om utanlandskablar og ACER

I norsk offentlegheit vert EUs tredje energipakke sterkt kritisert. Det vert påstått at lovpakka vil resultere i høgare straumprisar i Noreg, og at kontrollen med norske kraftressursar vert overlate til EU. Stemmer det?

3 kommentarer
Knytter sammen Norge og Danmark: Kabelen Skagerrak4 ble tatt i bruk i 2014 (foto: Statnett).

22. mars skal Stortinget ta stilling til om EUs tredje lovpakke på energiområdet skal implementerast i EØS-avtalen. Pakken består av to direktiv (tredje elmarknadsdirektiv og tredje gassmarknadsdirektiv) og tre forordningar (om oppretting av ACER, grensekryssande krafthandel og gasstransmisjon) som har vore EU-lov sidan 2011.

Dersom ein les dei aktuelle rettsaktene, vil ein sjå at mykje handlar om tekniske og praktiske forhold knytt til utviklinga av ein felles europeisk energimarknad, prosedyrar for samhandling over landegrensene, forbrukarvern og -rettar, og oppdatering av eksisterande regelverk (som kom med andre energipakke).

Av det som er nytt (og politisk) er dette det viktigaste:

  • Det vert stilt krav til effektivt skilje mellom overføring av elektrisitet og produksjon og omsetjing av elektrisk kraft. Dette innfrir Noreg allereie ved at transmisjonsnettet i all hovudsak er eigd av Statnett, mens statens eigarskap til produksjon ligg hos Statkraft.
  • Noreg blir pålagt å etablere ein nasjonal reguleringsmyndigheit for elektrisitet og gass. Departementet foreslår å legge den uavhengige reguleringsmyndigheita til ei eiga avdeling i NVE, under namnet «Reguleringsmyndigheten for energi» (RME). Eininga skal opptre uavhengig av NVEs øvrige organisasjon.
  • Det vert og stilt krav til etablering av ein uavhengig klageinstans. Det betyr at Olje- og energidepartementet ikkje lenger kan behandle klagar på vedtak gjort av NVE (det som framover blir RME). Regjeringas forslag er å sette opp ei uavhengig klagenemnd, Energiklagenemnda.
  • EU har etablert energibyrået ACER (Agency for the Cooperation of Energy Regulators) som erstatning for det rådgivande konsultasjonsforumet ERGEG. Som EØS-medlem får Noreg møterett i ACER, men ikkje røysterett. Tredje energipakke inkluderer også etablering av samarbeidsorgana ENTSO-E (elektrisk kraft) og ENTSO-G (gass). Her møter dei nasjonale systemoperatørane (frå Norge møter Statnett i ENTSO-E og Gassco i ENTSO-G).

Vil EUs tredje energipakke gi dyrare straum?

Argumentet om dyrare straum bygger på følgjande to premiss: Tredje energipakke vil tvinge Noreg til å bygge fleire straumkablar til utlandet, og fleire straumkablar vil presse prisane opp. Det første er feil, det andre i beste fall halvsant.

Det er ingenting i energipakka som vil tvinge oss til meir kraftutveksling med Europa. Forordninga om grensekryssande krafthandel oppmodar rett nok dei nasjonale systemoperatørane (som Statnett) til å tenke og samarbeide regionalt, men det gjer vi jo allereie gjennom den nordiske kraftmarknaden. Heller ikkje samarbeidet mellom dei nasjonale systemoperatørane i samarbeidsorganet ENTSO-E er nytt.

Det er riktig at NorthConnect, som er eigd av Agder Energi, E-CO, Lyse og Vattenfall, har søkt om konsesjon til å bygge og drive ein sjøkabel mellom Skottland og Sima i Eidfjord kommune i Hordaland, og at denne søknaden no ligg til behandling i NVE. Men dette kabelprosjektet har absolutt ingenting med tredje energipakke å gjere. Det er to heilt separate spørsmål. Med eller utan tredje energipakke vil det også i framtida vere fullt og heilt opp til norske myndigheiter å bestemme i kva grad vi skal bygge fleire utanlandskablar, og eventuelt kven som skal eige slike prosjekt.

Om Noreg – uavhengig av tredje energipakke – skulle bestemme seg for å bygge fleire kablar mot utlandet, er det likevel ingen grunn til å frykte «prissjokk». Kraftutveksling er berre ein av fleire faktorar som påverkar straumprisen. Langt viktigare er nivået på den europeiske prisen på CO2, men også råvareprisar (kull og gass), grad av elektrifisering og smartare forbruk spelar inn. Dette kjem også fram i figurane nedanfor som er henta frå NVEs Kraftmarknadsanalyse 2017-2030:

Figur frå NVEs Kraftmarkedsanalyse 2017-2030, rapport nr. 78-2017.
Figur frå NVEs Kraftmarkedsanalyse 2017-2030, rapport nr. 78-2017.

Det er underleg at dei som no vil avvise tredje energipakke på grunn av frykt for høgare kraftprisar, samstundes er for at Noreg skal vere ein del av den europeiske kvotemarknaden. Ingen parti på Stortinget har foreslått å sette norsk deltaking i kvotemarknaden på vent av omsyn til straumprisutvikling i Noreg. Det er snarare konsensus i norsk politikk om at kvoteprisen er altfor låg og at han må mykje høgare enn dagens 10 euro for å framskunde ei klimavenleg energiomstilling.

Prisargumentet mot tredje energipakke tek også lite omsyn til at energisystemet i Europa er i endring. Når eventuelle nye kablar vil vere på plass, kan prisbiletet sjå svært annleis ut enn i dag. Jo fleire solceller og vindturbinar som vert satt i produksjon i Tyskland og Storbritannia, desto lågare blir kraftprisane. Figuren under som er henta frå National Grids Future Energy Scenarios (2017) illustrerer nettopp dette: Lukkast klimapolitikken i Storbritannia, vil både straumprisar og importbehov gå ned.

Figur frå National Grids Future Energy Scenarios (2017).

Vil tredje energipakke føre til at Noreg mister nasjonal kontroll over kraftpolitikk og kraftressursar?

Dette argumentet refererer til forordninga om å etablere energibyrået ACER. Ei vanleg misforståing er at ACER kan overprøve vedtak gjort av nasjonale energimyndigheiter, til dømes avslag søknad om konsesjon om bygging av kablar. Slik er det ikkje.

Ad
Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Kort fortalt er ACER ein aktør som gir råd til, og fører tilsyn med, nasjonale energimyndigheiter der målet er å sørge for at det europeiske regelverket på energiområdet vert praktisert likt og rettferdig. Dukkar det opp tvistar mellom ulike nasjonale energimyndigheiter, eller mellom selskap, kan ACER koplast inn. Moglegheitene til å fatte vedtak er stort sett avgrensa til tekniske og praktiske spørsmål. På heimesidene til ACER kan ein lese Decisions som ACER har gjort sidan etableringa i 2011. Ein finn også byråets Opinions og Recommendations.

ACER skal også involverast i arbeidet med å utvikle supplerande og detaljert regelverk, det som blir omtalt som nettkoder og retningslinjer. Kodene er eigne forordningar, men som EØS-medlem blir ikkje desse til nasjonal lov utan separat politisk handsaming.

Å ta ACER inn i norsk lovverk kan sjølvsagt opne for at vi ein gong i framtida – gitt at Noreg blir part i ein tvistesak – får eit ACER-vedtak som går mot norske posisjonar. Men dette er ikkje det same som at vi gir frå oss nasjonal kontroll. ACER har som sagt ein avgrensa vedtakskompetanse, og dessutan vil vi ha fleire ankemoglegheiter.

Austerrike opplevde dette i fjor. Etter at dei først ikkje klarte å bli einige med tyske energimyndigheiter om grensene for eit prisområde, vart ACER kopla inn. Energibyråets vedtak gjekk mot austerrikaranes ønske. Austerrike klaga då til ACERS klageinstans, men då dette ikkje førte fram, gjekk dei vidare. No ligg saka til vurdering i EU-domstolen.

Tettare energisamarbeid er nødvendig for klima

Det finst ein viktig grunn til at tredje energipakke no står på den politiske dagsordenen i Noreg, og det er klima. I EU står elektrisitets- og varmesektoren for 26 prosent av dei samla klimagassutsleppa (Eurostat, 2015-tal). Å gjere denne sektoren reinare er avgjerande for arbeidet med å nå klimamåla, og meir samarbeid over landegrensene er heilt nødvendig.

Noreg er unnataket i Europa der kraftsystemet allereie er stabilt, sjølvforsynt, grønt og rimeleg. Vi er heller ikkje avhengig av Russland for å sikre oppvarma vatn og fyr på komfyren. Men slik er det ikkje i nabolaget vårt. «Alle» rundt oss står framfor krevjande energiomstillingar, rett nok med ulike utgangspunkt. Tyskland produserer stadig meir straum frå sol og vind, men landet brukar framleis altfor mykje brunkull. Klarar dei å fase ut kullet når dei samtidig har bestemt seg for å stenge ned kjernekrafta? Storbritannia har også opplevd kraftig vekst for fornybar energi dei siste åra, ikkje minst har dei bygd opp ein imponerande vindkraftproduksjon til havs. Britane har også bestemt seg for å kvitte seg med all kullkraftproduksjon innan 2025, men dei vil gjerne ha kjernekraft.

Ved å seie ja til tredje energipakke signaliserer Noreg at vi ikkje har nok med oss sjølve, men at vi ønsker å vere ein aktiv medspelar i den energiomstillinga Europa står oppi. Det er også ein posisjon å ta. 

Bli abonnent!

3 kommentarer

  1. Finn Kaare

    Veldig bra og korrekt sammenfattning. Håper flere leser dette. Takk.

    • Svein

      Norge bør ikke stemme for ACER, eller andre EU påfunn for den saks skyld. All energi produsert eller høstet (olje/gass/fisk m.v) er eiet av det norske folk og skal ikke sendes ut av landet før borgerne har fått sitt. Å gi bort råderetten for våre resurser til EU er å skyte seg selv i foten, eller det som verre er. Om Norge ha energi tilbake etter en god forvaltning kan vi selvfølgelig selge overskudd, men da uten at det tømmer magasiner for en buffer mot nedbørfattige vintre/somrer. Norge skal ikke øke behovet for å importere fra andre plasser enn det vi allerede gjør fra Sverige/Finland.

  2. Øyvind Larsen

    Ja, dette var ei avklaring av Lars-Henrik Paarup Michelsen, og den avklaring forteller at:

    * Norge har intet behov for å gå inn i ACER.
    * Norge er sjøl forsynt med tilstrekkelig elektrisk energi i lang tid framover.
    * Norge har fremdeles store videre utbyggings-muligheter av rein energi.
    * Tullete for særlig Norge å gå inn i ACER uten å ha stemmerett.
    * Norge bidrar og har bidratt LENGE med rein energi, direkte og indirekte, bl a med miljø-viktig aluminium produsert med el-kraft.

Kommentarfeltet er stengt.