Eid følgjer Seattle

Eid kommune vil ha ein klimavenleg forvaltning av kommunens pengar. Det kan bety nedsal i fossile aksjar.

Eid er inspirert av Seattle. Vil kople klimapolitikk med finansforvaltning.
Eid tek utfordringa frå Seattle.

For nokre månadar sidan skreiv eg om divestment-bølgja i USA, og Seattles avgjersle om å selje kommunens aksjar i fossile energiselskap. Innlegget avslutta eg slik:

“Norske lokalpolitikarar og faglege tillitsvalde kan gå i Seattles fotspor – viss dei vil. Per 1.1.2013 var det 33 offentlege pensjonskassar spreidd rundt om i heile landet. Den samla forvaltningskapitalen til desse pensjonskassene var ved utgangen av 2011 på over 118 milliardar kroner (kjelde: Pensjonskasseforeningen ).”

Eid kommune har no teke utfordringa. Like før påske gjorde dei folkevalde i Eid vedtak om å starte “ein prosess for å vurdere muligheitene av å sikre ein grøn, miljøvennlig profil på kommunen sine fondsinvesteringar, utan at det svekkar dagens krav til avkastning og risiko”.

I Dagens Næringsliv 30. april seier ordførar Alfred Bjørlo at han ventar store kursfall hos dei fossile energiselskapa den dagen IEAs bodskap om at minst to tredelar av dei fossile reservane må ligge sig inn. Hans mål er ein forvaltning av kommunens pengar som heng saman med målet om ein vellykka klimapolitikk. Les om den fossile boblen.

Eid kommune har 6000 innbyggjarar og har 120 millionar kroner som i dag vert forvalta av Carnegie og Bergen Capital Management. I tillegg vert 250 millionar pensjonskroner forvalta av KLP. Ordførar Bjørlo skal no i dialog med kommunens forvaltarar for å kartlegge kva moglegheiter som finst for kommunar som ønsker klimavenleg pengeplassering.