Dyrare bensin og diesel

Vi treng eit breitt kompromiss om bensin- og dieselavgiftene som står seg over tid.

2 kommentarer
MÅ KOSTE MEIR Å FYLLE TANKEN: For å få fart på utfasinga av fossilt drivstoff må bensin og diesel bli dyrare, skriv artikkelforfattaren.

Når regjeringa legg fram statsbudsjettet 6. oktober blir framlegget til grønt skatteskifte noko av det mest interessante å følgje med på – sett frå eit klimaperspektiv. Før framlegginga er det debatten om bensin- og dieselavgiftene som dominerer. Ifølgje NRK skal regjeringa ha gått med på å auke avgiftene for diesel med 35 øre/liter og bensin 15 øre/liter. Dette har KrF og Venstre avvist.

Å gjere bensin og diesel dyrare er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å fase ut fossilt drivstoff i tråd med Noregs klimaforpliktingar. Som konsekvens av Paris-avtalen har Noreg slutta seg til EUs klimasamarbeid i ikkje-kvotepliktig sektor (transport, landbruk, avfall, bygg). Målet Noreg skal nå – og rapportere på – er 40 prosent reduksjon innan 2030, samanlikna med 2005. Dei største kutta må naturlegvis skje i den største utsleppssektoren utanfor kvotesystemet – transport. Personbilar, varebilar og tyngre køyretøy står for 10 prosent av Noregs samla klimautslepp. Å fase ut fossilt drivstoff er noko av det mest effektive vi kan gjere for å ta ned transportutsleppa raskt.

Politikarane kan velje mellom fleire verkemiddel for å fart på overgangen til nullutsleppsteknologi i vegtransporten. Ein kan subsidiera det ein vil ha meir av, gjere det dyrare å forbruke det ein vil ha mindre av, eller innføre forbod/reguleringar.

Noreg har til no valt «subsidiesporet». Elbileigarar nyter godt av avgiftsfritak ved kjøp og bruk. Politikken har vore ein stor suksess! I 2015 oppnådde elbilane ein marknadsdel på 17 prosent. Få land – om nokon – kan vise til tilsvarande statistikk. Fullt avgiftsfritak for nullutsleppskøyretøy er ikkje berekraftig over tid. På sikt må også vi elbileigarar vere med å betale for utbygging og vedlikehald av vegar og kollektivtransport. Staten, fylka og kommunane treng inntektene.

Nullutslepp må også framover ha fordelar vis-a-vis fossilt for å sikre at incentivet er der, men det er differansen som betyr noko.

Avgiftssporet er det Stortinget bør gå for vidare – gjerne kombinert med eit forbod av bensin- og dieselkøyretøy litt fram i tid. Slik Stortinget alt har diskutert. Det vil sende signaler til marknaden om kor vi skal, samtidig som avgiftene vil kunne gi effekt på kort sikt. Det siste fordrar at avgiftene er høge nok. Norske sjøførar er vane med at prisene på bensin og diesel går opp og ned. Ein avgiftsauke på nokre titals øre – slik regjeringa skal ha foreslått – vil ha liten effekt på literprisen. Og endå mindre effekt på folks åtferd.

Forskarane er klar på at drivstoffprisen må aukast med fleire kroner literen om det skal gi effekt. Det kan høyres absurd mykje ut, men som grafen under illustrerer er dagens bensinprisar omtrent på same nivå som i 2000. Ein liter diesel kostar faktisk mindre enn for 16 år sidan (MERK: Prisane i figuren er henta frå SSB. Forutan 2016-tala er alle prisane oppgitt i 2015-kroner).

Sannsynleg er det ikkje at politikarane høyrer på forskarane når dei skal bestemme neste års avgiftsnivå for diesel og bensin. Er et likevel mogleg å få Stortinget til å samle seg om noko som monner?

Her er eit forslag:

Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Viktigare enn at avgiftene for bensin- og diesel skrus skyhøgt opp i 2017, er det at eigarar av fossile køyretøy får eit signal frå Stortinget om kva prisnivå som venter framover. Ei «forsiktig» avgiftsauke neste år kan vere god klimapolitikk om Stortinget samtidig forpliktar seg til å heve avgiftene ytterlegare i 2018, 2019 og 2020. Eventuelt i 2018, 2020 og 2022. Då vil folk også gis «rom» til omstilling.

Skal ein trappetrinnsmodell kunne forsvarast, må ein ved dagens slutt ha heva avgiftene såpass at det merkes godt på literprisen. Det vil og vere avgjerande at eit breitt fleirtal på Stortinget stiller seg bak, inkludert Arbeidarpartiet. For å sikre folkeleg legitimitet kan ein sjå for seg at dei ekstra miljøavgiftene vert tilbakebetalt til skattebetalarane, direkte eller indirekte (støtte til kollektivsatsing, elbilkjøp e.l.). Det er ingen grunn til at staten skal bli avhengig av ekstrainntektene dersom formålet er å få til ei rask utfasing av fossilt drivstoff.

Når debatten om drivstoffprisar spissar seg til utover hausten er det viktig å ha i mente at dette handlar om noko langt viktigare enn samarbeidsklimaet på borgarleg side. Det handlar om korleis Noreg har tenkt å følgje opp klimamålet eit samla Storting stiller seg bak med politikk. Dei som ikkje vil bruke avgiftssystemet meir aktivt til å fortrenge fossil energi i transportsektoren må utfordrast til å svare på kva dei vil gjere i staden. For ein ting er sikkert: Skal vegtrafikken bli fossilfri trengs det sterkare lut. Ved utgangen av fjoråret fantes det 2,6 millionar personbilar i Noreg. Berre 69 000 av desse var elektriske. Norsk elbil-suksess til tross: Skiftet går for sakte.

Bli abonnent!

2 kommentarer

  1. Audun Berg

    Dette er for pinglete om det skal ha noen virkning. Hadde det enda vert 1,15 og 1,35 så hadde det virket litt mere, men dette det er for lite. Og på toppen stille så godt som ultimatum for en eventuell diskusjon. Nei dette er til de grader skuffende fra H og FrP. Lite ansvarlig når de skal ta et tak for å redusere forurensningen i byene. På toppen så kompenserer de mer enn de kommer til å ta inn på økt avgift. Rett og slett et slag i ansiktet på de som har problemer med dårlig luft.

    Svar
  2. Lars-Henrik Paarup Michelsen

    Lars-Henrik Paarup Michelsen

    Hei.
    Det har du rett i. Regjeringas forslag til grønt skatteskifte er ikkje særleg grønt. Sik forslaget blei presentert i dag vil det neppe resultere i lågare klimagassutslepp. Her har Stortinget ein jobb å gjere!

    Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima