Statoil siktar mot 4 gradars oppvarming

Statoil-styret ofrer togradarsmålet for å kunne utvinne oljesand i Canada.

Les også: Hva skal vi gjøre med Statoil?

Mens Noreg har forplikta seg til å arbeide for at den globale gjennomsnitts-temperaturen ikkje skal auke med meir enn to gradar, legg styret i statseigde Statoil eit energiscenario for 3,6 graders oppvarming til grunn for fortsatt oljesandengasjement i Canada.

Statoil styreleder Svein Rennemo (foto: Trond Isaksen, Statoil ASA)
Statoil styreleder Svein Rennemo (foto: Trond Isaksen, Statoil ASA)

Årets generalforsamling i Statoil går av stabelen 14.mai. Som i fjor har det kome inn forslag frå aksjonærar om å stanse selskapets oljesandengasjement i Canada. I forslaget som skal behandlast heiter det:

“Det er ikke i aksjonærenes langsiktige interesse at Statoil fortsetter med utvinning av tjæresand.

Minst 2/3 av verdens kjente fossile ressurser må bli liggende i bakken om vi skal ha 50% mulighet til å nå den internasjonale målsettingen om at global middel-temperatur ikke skal øke mer enn 2 grader over før-industrielt nivå. Svært høye klimagassutslipp, usikker økonomi, lokal miljørisiko og brudd på lokale urfolks grunnlovsfestede rettigheter gjør utvinning av tjæresand til en uakseptabel strategisk satsning.

Statoil skal trekke seg ut av tjæresandutvinning i Canada.”

Statoil kjøpte seg inn i verdas største oljesandreservar i Alberta (Canada) i 2007. I dag eig selskapet 60 prosent av Kai Kos Dehseh-prosjektet og har i alt fire lisensar. Produksjonen er framleis beskjeden, men i følgje Government of Albertas kvartalsoppdatering er Statoil berre i starten på det dei håpar skal bli eit storstilt oljesandengasjement. Målet er at desse fire lisensane skal gi ein produksjon på meir enn 200 000 fat/dag.

Forut for årets generalforsamling har Statoil-styret skrive eit notat (pdf) der dei argumenterer mot det innsendte forslaget. Notatet avslører ei tenking i Statoil som ikkje er i tråd med dei målsetningane som Statoils store eigar – Staten – forsvarar i klimapolitikken. Det burde få konsekvensar.

Utdrag av styrenotatet: Her legg Statoil-styret til grunn 3,6 graders oppvarming. (vår utheving).
Utdrag av styrenotatet: Her legg Statoil-styret til grunn 3,6 graders oppvarming. (vår utheving).

Eg vil nedanfor kommentere dei viktigaste oljesandargumenta til Svein Rennemo, Bjørn Tore Godal, Børge Brende og resten av Statoil-styret:

Statoil-styret: «I fjor økte vi produksjonen med over 60 prosent og reduserte CO₂-utslippene per fat med 24 prosent».

Ein av grunnene til at utvinning av oljesand er så problematisk er at det krev mykje meir energi, og med det fører til langt større utslepp av klimagassar, enn det utvinning av konvensjonell råolje gjer. Dette blir ikkje kommunisert av styret når dei berre viser til prosentar.

Statoils oljesandproduksjon hadde i 2012, etter 24 prosent reduksjon, ein CO₂-intensivitet på 55,6 kg/fat. Det er meir seks gongar høgare enn utslippsnivået på norsk sokkel (9 kg/fat). Sjølv om Statoil når målet om 40 prosents reduksjon innan 2025, vil CO₂-intensiteten framleis vere over 40 kg/fat. Det er ikkje berekraftig.

Statoil-styret: «Styret står fast ved at verdens økende folketall og økt levestandard i utviklingslandene fortsatt vil drive fram økende energietterspørsel»

Det er riktig at vi blir fleire. Forventa folketal i 2050 er 9 milliardar. Men det Statoil ikkje nemner er at vi fram mot 2050 og må redusere dei globale klimagassutsleppa med 50-85 prosent samanlikna med 2000-nivå dersom togradarsmålet skal nås.

Gjennom FN- og Verdsbanken-initiativet Sustainable energy for all har verdssamfunnet samla seg om tre konkrete energimål fram mot 2030: 1) Sikre alle tilgang til moderne energitenester, 2) doble delen av fornybar energi i den globale energimiksen og 3) doble farten i energieffektiviteten på verdsbasis. Å satse på storstilt oljesandproduksjon i Canada ut frå framtidas energibehov, er å vedde på at desse måla ikkje nås.

Statoil-styret: «I følge Det internasjonale energibyrået vil ukonvensjonell oljeproduksjon på verdensbasis stige til ti millioner fat per dag i 2035»

Det riktig at produksjonen av ukonvensjonell olje, ifølge IEAs «New Policies»-scenario, vil stige til 10,4 millionar fat per dag i 2035 (side 107 i World Energy Outlook 2012). Av dette vil 4,3 millionar fat kome frå canadiske oljesand.

Men det Statoil-styret ikkje nemner er dette:

  • I «New Policies»-scenarioet legg IEA til grunn ei gjennomsnittleg temperaturauke på 3,6 gradar.
  • I «New Policies» er forventa oljeetterspørselen i 2035 heile 20 prosent høgare enn i det scenarioet som har kurs mot togradarsmålet («450»-scenarioet).
  • I framskrivingane til canadiske myndigheter er oljesandproduksjonen i 2035 venta å kome opp i 5,1 millionar fat per dag – langt over energibanen til IEA for 3,6 gradars oppvarming.

Statoil-styret: «Statoils oljesandprosjekt gjelder felt med lang levetid (30 – 40 år) som forventes å ha en positiv innvirkning på selskapets langsiktige lønnsomhet og kontantstrøm»

Å utvinne oljesand er kostbart og er derfor svært avhengig av ein høg oljepris for å vere lønsam. Statoils oljesandprosjekt i Canada er noko av det første som ryk den dagen oljeetterspurnaden flatar ut. Når det skjer er umogleg å vite, men at det vil skje før om 30-40 år er heilt sikkert. Citibank har spådd at olja vil nå “peak demand” innan 2020, medan Bloomberg New Energy Finance har sagt at fossilveksten vil ha stoppa i 2030.

Statoils styre nemner heller ikkje det IEA seier er ein føresetnad for å kunne nå togradarsmålet, og som og den norske regjeringa refererer til i Perspektivmeldinga 2013: minst 2/3 av verdas kjende fossilreservar må bli liggande under bakken.

Aksjonærar i Statoil bør og merke seg IEAs reservasjon når det gjeld framtida til canadisk oljesand. På side 109 i World Energy Outlook 2012 skriv dei:

«Production in Canada is projected to rise steadily as oil-sands production grows by two-and-a-half times to 4.3 mb/d by 2035, more than offsetting a decline in conventional output. This projection assumes that environmental concerns can be assuaged and that infrastructure to bring the oil to markets in the United States or to Asia can be built. (…).Without new export capacity, western Canadian oil production would exceed regional consumption and current export capacity before 2016».

Om Obama seier nei til Keystone-røyrledninga, og EU bestemmer seg for å merke drivstoff frå oljesand som “ekstra karbonintensivt”, slik kommisjonen har foreslått, er det kanskje ikkje marknad for Statoils planlagte oljesand.

Tidlegare års generalforsamlingar i Statoil har aksjonærar som Storebrand, Spp, KPA, Opplysningsvesenets Fond, Alfred Berg Kapitalforvaltning og Folksam røysta imot oljesand. Spørsmålet er om dei interne oljesandmotstandarane i Statoil får selskap av fleire aksjonærar i år, og kva staten seier. Å røyste for styrets oljesandambisjonar er alt anna enn ansvarleg eigarskapsutøving, det er å stille seg bak styrets 3,6-gradarsmål. Kan Jens Stoltenberg det?