Forhandlingar om klimalov i Danmark

Den danske regjeringa inviterer no dei andre partia til forhandlingar om ein dansk klimalov. Lova skal bidra til at Danmark når målet om å bli eit fossilfritt samfunn innan 2050.

Det viktigaste elementet i lovframlegget til klima-, energi- og bygningsminister Martin Lidegaard (R) er forslaget om å opprette eit permanent klimaråd. Rådet skal gi innspel til regjeringa om korleis lågutsleppssamfunnet lettast kan realiserast og skal bestå av uavhengige ekspertar og forskarar.

Vidare går forslaget ut på at regjeringa kvart år må legge fram ei klimamelding for Folketinget der ein presenterer siste års klimainnsats, samt regjeringas haldning til Klimarådets anbefalingar.

Martin Lidegaard1
Klima-, energi- og bygningsminister Martin Lidegaard (R) vil om kort tid starte forhandlingar med dei andre partia i Folketinget om ein dansk klimalov. Foto: Carsten Snejbjerg

Den danske regjeringa har henta inspirasjon frå Storbritannia som fekk sin klimalov i 2008. Men i motsetnad til britane vil ikkje den danske regjeringa lovfeste landets klimamål – som for tida er 40 prosent reduksjon i 2020 i høve til 1990-nivå – sjølv om dette vart varsla i regjeringserklæringa frå 2011. Martin Lidegaard kallar den danske klimalova for ein «prosesslov».

Forhandlingar om lova skal i utgangspunktet starte denne veka, men blir kanskje utsatt no når SF har varsla at dei trekk seg frå regjeringssamarbeidet. Likevel, det bør ikkje vere vanskeleg for Lidegaard å skaffe fleirtal i Folketinget. Ikkje minst Enhedslisten, som til no har utgjort det parlamentariske grunnlaget for regjeringa, er veldig positive til å få ein klimalov. Til avisa Politiken seier partiets klimapolitiske talsperson Per Clausen dette:

«En klimalov skal forpligte regeringen til at lave nogle faste mål, og samtidig skal den sikre, at målene også bliver opfyldt. Vi vil i forhandlingerne forsøge at sikre, at loven også peger ud over 2020. Ellers bliver det hele lidt for slapt. Det er jo den konkrete opfølgning på eventuelle anbefalinger fra et klimaråd, der er det afgørende».