Farleg fornekting

“Oljealderen går ikkje mot slutten. Oljealderen går ikkje mot slutten. Oljealderen går ikkje mot slutten.”

Det er dette refrenget Geir Pollestad (Sp) og Terje Aasland (Ap) meiner statsminister Erna Solberg bør synge. Dei to er ikkje ueinig i statsministerens politikk, men dei er kritisk til retorikken hennar. Solbergs omstillingssnakk er fornærmande for alle som jobbar med olje- og gass, påstår dei.

Utspelet til Pollestad og Aasland er like mykje eit angrep på røynda som på statsministeren. Alle pilar peikar i retninga Erna Solberg har snakka om på NHOs årskonferanse og elles. Her er nokre av dei:

  • Låg oljepris gjer fleire utbyggingar på norsk sokkel ulønsame. Det er mogleg prisutviklinga sidan juni i fjor er ein dupp, men det kan og vere at 50-60-70 dollar blir den nye normalen. I eit slikt prisscenario er det mange prosjekt som ikkje blir bygd ut. Oljefesten i det kostbare Barentshavet vert avlyst.
  • Transportsektoren, som står for over halvparten av det globale oljekonsumet, blir stadig mindre oljeavhengig. Utsleppskrav til nye køyretøy, billegare og betre batteriteknologi og problem med luftforureining i mange storbyar driv denne utviklinga vidare. Vi har så vidt sett effekten av den grøne transportrevolusjonen.
  • Klimaendringanes realitetar kjem stadig nærare. Sjølv i fråvær av ein sterk global klimaavtale er det grunn til å tru at klimapolitikk på land- og regionnivå i stadig sterkare grad vil favorisere fossilfrie alternativ. Ifølgje IEA vil oljeetterspurnaden i 2040 vere 32 millionar fat lågare i eit 2C-scenario enn i eit 4C-scenario. Det svarar til meir enn tre gongar dagens oljeproduksjon i Saudi-Arabia.

Norsk olje- og gassindustri har ein imponerande historie. Industrien har over tiår vist til formidabel vekst, innovasjon i verdsklasse og stor lønsamheit. Vi har mykje å vere takksame for. Velferdssamfunnet vi kjenner i dag er langt på veg finansiert av inntektene frå olje- og gass.

Men sjølv om vi alle har ein fetter i Statoil er det ikkje mogleg å snakke seg vekk frå det det som er ein realitet: olje- og gassindustrien er ein solnedgangsindustri, ikkje berre i Norge. Dette er eit globalt fenomen. Noreg som nasjon står framfor ei svært krevjande omstilling. Dette minna også sentralbanksjef Øystein Olsen oss på i sin siste årstale:

Norsk økonomi må nå tilpasse seg en klart lavere etterspørsel fra oljesektoren. Vi går fra særstilling til omstilling.

Å fornekte at verda er i endring gjer ein kanskje populær på Forus – ei stund. Men for Noreg som nasjon er det ingen god strategi. Det som burde bekymre Pollestad og Aasland er ikkje at Erna Solberg snakkar om behovet for omstilling, men at ho gjer for lite med det.