Nytt EU-kutt i utslepp
EU-landa nærmar seg alt no målet om 20 prosent kutt i klimagassutslepp frå 1990-nivået.
EUs utslepp av klimagassar i 2011 gjekk ned med 3,3 prosent samanlikna med året før. Det viser dei offisielle utrekningane til Det europeiske miljøbyrået (EEA).
Dermed har EUs utslepp av klimagassar gått ned med 18,4 prosent samanlikna med 1990. Noregs utslepp har i same periode stige med 5,9 prosent, ifølgje SSB.
EEAs utsleppstal for 2011 viser at:
Om du vil sjå nærare på dataene, har EEA ein brukarvenleg "data viewer" der data og kan lastast ned.
Først til hausten vil EU offentleggjere estimerte utsleppstal for 2012. Eurostat har imidlertid publisert estimerte tal for utslepp av CO₂ frå energibruk i 2012 (pdf). Dei viser ein nedgang på 2,1 prosent i høve til 2011.
