Etter Hans kjem Grete – er me skodd for det?

Det siste året har bydd på månadlege varmerekordar, og to skakande ekstremvêrhendingar berre i Noreg. Me var dårleg budde på Hans. Er me klare for Grete, spør to forskarar ved Vestlandsforsking og Noradapt.

Ekstremveret Hans skaka Aust-Noreg i fjor sommar og i vinter ramma Ingunn kysten. Bileta frå hendingane var sjokkerande, men har dei endra korleis me ser på framtidas klima, eller har me alt gløymt dei?

I Noreg har me rikeleg med data om kva me skal tilpasse oss til, men lite kunnskap om kva som blir gjort kor, og av kven.

Ny teneste for å sjå lokal og regional tilpassing

Dette har me i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) forsøkt å gjere noko med. På Klimaomstillingskonferansen i Sogndal sist veke presenterte me nyvinninga Fylkesprofilar for klimatilpassing, eit verktøy som er tilgjengeleg på nettsida til Norsk klimamonitor. Verktøyet viser kor langt ein har kome – og kor ein er på veg – i lokal og regional planlegging.

Tala byggjer på spørjeundersøkingar, og er ikkje perfekte. Dei er basert på respondentane sine oppfatningar og er ikkje alltid eit uttrykk for sanninga. Likevel gir dei ein god peikepinn på kor forvaltninga bør rette innsatsen og kva kunnskap som trengst vidare. Og dei vil bli oppdatert når ny data samlast inn.

Me har sett på kor bekymra tilsette i kommunar, fylkeskommunar og Statsforvaltaren er for klimapåverknad og kor mykje ulike grupper gjer for å tilpasse seg.

Til dømes kan verktøyet fortelje deg om innbyggarane i ditt fylke ynskjer meir innsats frå myndigheitene for å beskytte seg mot klimaendringar. Du kan òg sjå kor landbruket gjer flest tilpassingar og kva for hindringar forvaltninga møter i arbeidet med klimatilpassing.

Vestfoldingane lengst framme

Funna våre tyder så langt på at Vestfold er det fylket som overordna ligg best an i tilpassingsarbeidet. Det er ikkje nødvendigvis samanheng mellom dei kommunane som er mest utsette og dei som har gjort flest tiltak for å beskytte seg. Våre data peikar snarare på at kommunane i Akershus seier dei har gjort mest for å tilpasse seg. Også i landbruket er det gjennomført flest tiltak av bønder på det sentrale Austlandet.

Kanskje handlar innsatsen for klimatilpassing meir om storleik, kapasitet og økonomi enn om kor utsett ein er?

Database med døme på klimatilpassing

Inne på heimesida til Norsk klimamonitor finn ein og ei anna nyvinning som Noradapt-forskarar har utvikla. Dette er ein case-database med døme på tiltak som har vore gjennomført i kommunar og fylkeskommunar for å tilpasse seg klimaendringane. Her kan kommunane få inspirasjon til tiltak og sjå kven dei kan kontakte for å hauste erfaringar og skape samarbeid.

Kommunane er førsteskansen mot klimaendringane, og det må leggast til rette for at dei enkelt kan lære av kvarandre.

Tilnærminga må vere heilskapleg

Det er meir enn klimaet som endrar seg, og det er meir enn styrken og retninga på klimaendringane som avgjer kor sårbare me er. Til dømes kan drenering av ei myr føre til meir vatn nede i dalen når styrtregnet først kjem. Då kan ikkje tilpassing reduserast til eit spørsmål om flaumvollar og større avløpsrøyr.

Begge dei nemnde verktøya er retta mot kommunal og regional forvaltning for at dei skal kunne skaffe seg betre oversikt og stake ut kursen for ein auka innsats. Forhåpentlegvis er dei nyttige for å kunne sjå innsatsen mot klimaendringane heilskapleg. For me kan ikkje tillate oss å satse på klimatilpassing som i seg sjølv skapar store utslepp, øydelegg natur eller spreier forureining.

INesbyen, ein av tettstadane som vart hardast råka av ekstremvêret Hans, står dei i denne spagaten no. Ikkje berre har flaumen kosta lokalsamfunnet dyrt, men kommunen er i gang med å sikre seg mot neste storflaum med tiltak som båndlegg både areal, trafikk, heimar, næring og natur. Det er ei krevjande øving å balansere desse omsyna, men det er naudsynt med ei brei involvering og gjennomtenkt plan for å lukkast.

Heller føre var enn etter snar

For å lukkast med klimatilpassinga må me samarbeide på tvers av kommunegrensene og lære av kvarandre. For å «kickstarte» denne læringa har me utvikla to nye verktøy som kan vere nyttige på vegen.

Me kan ikkje alle vente og sjå kor Grete dukkar opp, for det vil bli mykje dyrare enn om me går i gang med å førebu oss på at ho skal kome. I eventyret er det Grete som dyttar heksa inn i omnen og slepper Hans ut av fangenskap. Så me bør vere meir bekymra for Grete, for når ho kjem, kjem Hans òg.